Men er IE7 egentlig noko betre?

March 6th, 2009

ie6.jpg

Ser at IT-minister Heidi Grande Røys hiver seg på bølgen og vil ha vekk IE6. Som tidlegare yrkesutøvar i webinnviklingsbransjen seier eg berre: Jaggu på tide. Det var ikkje måte på kor mange slutty hacks vi måtte gjere for å vere kompatible med IE6. Og IE6 er ikkje den verste. Vi måtte vere kompatible med IE5 og IE5.5 også… det var enno verre.

Sidan eg hoppa litt av utviklerbølgen er eg usikker på kor ille IE7 er å jobbe mot. Ein utviklarkompis eg har meinte at den var nesten like ille, men at dei som køyrer kampanjen mot IE6 ikkje turte å be folk bytte til Firefox, Opera, Chrome eller Safari – for dei skulle jo ikkje vere politiske heller.. neivel. Det som i alle fall er sikkert er at IE7 ser ut til å vere langt den treigaste browseren der ute.

Dersom ein ønsker å sleppe unna IE6 men ikkje har fulle adminrettigheiter på Windows-maskinen sin har Digi ein artikkel om korleis du installerer andre browserar lokalt for din brukar her.

Kva meiner folket? Er IE7 skrot?

Filed under: In the news, TechStuff

2 Responses to “Men er IE7 egentlig noko betre?”

  1. Magne Thyrhaug Says:

    Du er tjukk i huet!

  2. Ola Says:

    Heller tjukk i huet enn tjukk i ræva! Så det så.

Leave a Reply